fredag 8. juni 2012

Shop till you drop!

"Mange bekker små gjør en stor å", heiter det. Enkelte dagar får eg kjenna at det er sant, og ikkje alltid på ein god måte. I dag var det mange små og litt større ting som samla sett gjorde at overskuddet melde seg ut. Eg kunne kjenna at kroppen gjorde seg klar til ME-modus, og då følgjer dessverre humøret nokså kjapt etter. Etter gode dagar med overskot og mestring er det stritt.

Men nå øver eg meg på å kjenna at det er greit nok. Javel, så kom den slitne følelsen i kroppen. Så vart eg lei meg. Men det kan eg tåla. Eg kunne forstå at det vart sånn akkurat i dag. Eg kunne kjenna det igjen, og visste at eg kan tåla det.

Og så er der jo alltid shopping... Eg må tilstå at dette har lenge vore ein skjult hemmelighet for meg, akkurat som effekten av sjokolade. Eg er ingen stor shoppar. Til tross for at eg er blond så har eg ikkje klart å henta den store avspenninga i denne aktiviteten. Men eg aner at der er noko der. I dag let eg meg lokka inn av dei fine fargane. Gjekk og kjende på tekstilar, såg på dei gode sommarfargane og let meg forføra i draumen om varme og late sommardagar. Såg på litt lekkert undertøy, mange fine bikiniar og sommarkjolar. Og eg kunne kjenna kor fint det ville vera med sol og sommar.

Eg er ikkje heilt sikker på om dei høge herrer ville godkjent det som oppmerksomhetstrening, eller mindfullness. Men mange damer vil kunne skriva under på at dette er terapi på høgt nivå. Og det virka, eg var lettare (og det var lommeboka òg!) då eg gjekk ut av butikken.

Og nå sit alle som kjenner meg og lurer på kven som har kuppa bloggen min, for dette kan det umulig vera Gislaug som skriv! Kanskje er der ennå nye ting å læra i livet?

mandag 4. juni 2012

Akkurat nå...

Så enkelt, og samtidig så vanskelig. Å bare vera tilstades akkurat nå. Tenk på det ei lita stund. Kor ofte er vi ikkje på vei til noko, eller frå noko. Eg skal bare...., så skal eg.... Nå er eg akkurat ferdig med.... Når eg bare får gjort dette, då skal eg.... Der er så mange ting me fyller dagane våre med, viktige og gode ting. Men kor ofte er me eigentleg midt i det med held på med?

Eg vart minna på det igjen i sist veke, kor godt det gjer å bare kjenna på stunda eg har akkurat nå. Stoppa opp og bare nyta den gode klemmen minstemann gjer meg. Kjenna armane rundt halsen min, kinnet mitt mot hans. Kjenna at HAN bare er, her og nå. Kjenna på kontakten. Gle meg over det gode glimtet i auga til eldstemann, når han ler av ein god vits. Verkeleg sjå på gleden i ansiktet hans, smilet og det glade, glade fjeset. Kjenna at akkurat nå er det godt å vera mor.

Eller stoppa opp litt på jobb. Lukka døra til kontoret, lukka meg inne og bare kjenna at eg pustar. Kjenna at pusten kjem, at det ikkje er noko å streva med. Kjenna at kroppen kan kvila når eg sit på stolen, at eg ei lita stund kan få vera fullt og heilt til stades i mitt eige liv og denne augneblinken.

Der finnes mange ord for det, mange bøker om teknikkane og mange kloke hovud som har tenkt kloke tankar. Det viktiga for meg nå er at det skal ikkje vera ein prestasjon. Det skal bare vera. Vera her og nå, til stades, i augneblinken. Uten dom, uten prestasjon og uten karakter. Bare vera. Så enkelt, så vanskelig.

fredag 1. juni 2012

Vindskeive tre...

Eg hadde masse problem med tilgang til den gamle bloggen min, så det enklaste vart til slutt å bare laga ein ny... ;-)

Ein ny start, ein ny blogg. Kanskje passar det ihop.

Nå har eg vore i Skånevik på repetisjonskurs for andre gong. Nokon vil påstå eg er tunglært, andre vil innsjå at dette er ein god måte å læra på. Ein annan dag skal eg skriva meir om dette.

Nå i dag er det dei vindskeive trea eg vil skriva litt rundt. I Skånevik var me på tur i bøkeskogen. Me stoppa og såg på dei utruleg lange, ranke stammane, høyrde på vinden som laga blafrelyd i blada. Høyrde på alle lydane me laga når me trødde, spesielt når me trødde utanom stien.

Så tenkjer eg på trea her heime. Det er ikkje ofte det er vindstille her, men det hender. Og då kan me sjå det fasinerande. Trea her rettar seg ikkje heilt opp. Dei har vakse seg til slik, svakt lutande mot nordaust. Vinden, tilhøva, klimaet her, har forma trea slik. Dei står der, like rotfaste som alle andre tre, dei har bare blitt litt prega av vêr og vind. Dei er like fullt tre. Dei veks, dei har greiner, dei har lauv som sprett kvar vår og felles kvar haust. Dei har djupe røter, det må dei ha i slikt vêr, og dei står like fast og trygt som andre tre. Kanskje står dei endå litt fastare? Kanskje klarer dei å svaia endå meir i vinden utan å knekka, tåla litt meir enn dei som står ranke og vakre, men likevel beskytta?

Enkelte vil hevda at me ikkje har skikkelege tre her på Jæren. At dei er stygge. For meg er dei vakre, sommar som vinter. Greinene som strekker seg, enkelte greiner veks til og med motvinds. Det faktum at dei har klart å veksa. På vinteren ser me dei nakne greinene, som står ubeskytta i vêr og vind. På sommaren det grøne, det frodige og livfulle

På veg heim frå arbeid får eg køyra forbi ei rekke med slike tre. Dei står der etter kvarandre, prega av vêr og vind. Likevel står dei der, lever, svaier, er til. Dei har trassa og tålt mykje for å veksa seg så høge. Enkelte har fått hjelp og livd til å få feste, til å få ein god start. Når dei har vakse til eit visst nivå må dei klare seg sjølve. Og dei står der. I isnande kulde, strålande sol og piskande regn (DET tåler dei mykje av!), og den nesten aldri kvilande vinden som riv i dei, bøyer dei, pregar dei. Men dei står. Dei tåler. Og dei veks.

Der er mykje visdom i å sjå på dei litt vindskeive.