fredag 1. juni 2012

Vindskeive tre...

Eg hadde masse problem med tilgang til den gamle bloggen min, så det enklaste vart til slutt å bare laga ein ny... ;-)

Ein ny start, ein ny blogg. Kanskje passar det ihop.

Nå har eg vore i Skånevik på repetisjonskurs for andre gong. Nokon vil påstå eg er tunglært, andre vil innsjå at dette er ein god måte å læra på. Ein annan dag skal eg skriva meir om dette.

Nå i dag er det dei vindskeive trea eg vil skriva litt rundt. I Skånevik var me på tur i bøkeskogen. Me stoppa og såg på dei utruleg lange, ranke stammane, høyrde på vinden som laga blafrelyd i blada. Høyrde på alle lydane me laga når me trødde, spesielt når me trødde utanom stien.

Så tenkjer eg på trea her heime. Det er ikkje ofte det er vindstille her, men det hender. Og då kan me sjå det fasinerande. Trea her rettar seg ikkje heilt opp. Dei har vakse seg til slik, svakt lutande mot nordaust. Vinden, tilhøva, klimaet her, har forma trea slik. Dei står der, like rotfaste som alle andre tre, dei har bare blitt litt prega av vêr og vind. Dei er like fullt tre. Dei veks, dei har greiner, dei har lauv som sprett kvar vår og felles kvar haust. Dei har djupe røter, det må dei ha i slikt vêr, og dei står like fast og trygt som andre tre. Kanskje står dei endå litt fastare? Kanskje klarer dei å svaia endå meir i vinden utan å knekka, tåla litt meir enn dei som står ranke og vakre, men likevel beskytta?

Enkelte vil hevda at me ikkje har skikkelege tre her på Jæren. At dei er stygge. For meg er dei vakre, sommar som vinter. Greinene som strekker seg, enkelte greiner veks til og med motvinds. Det faktum at dei har klart å veksa. På vinteren ser me dei nakne greinene, som står ubeskytta i vêr og vind. På sommaren det grøne, det frodige og livfulle

På veg heim frå arbeid får eg køyra forbi ei rekke med slike tre. Dei står der etter kvarandre, prega av vêr og vind. Likevel står dei der, lever, svaier, er til. Dei har trassa og tålt mykje for å veksa seg så høge. Enkelte har fått hjelp og livd til å få feste, til å få ein god start. Når dei har vakse til eit visst nivå må dei klare seg sjølve. Og dei står der. I isnande kulde, strålande sol og piskande regn (DET tåler dei mykje av!), og den nesten aldri kvilande vinden som riv i dei, bøyer dei, pregar dei. Men dei står. Dei tåler. Og dei veks.

Der er mykje visdom i å sjå på dei litt vindskeive.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar